Naken-homo-i-gatene-problematikken

Sylvi Listhaug har uttrykt bekymring for den årlige paraden under Skeive Dager, som har innslag av halvnakne homofile folk og dansing. Are Kalvø tar henne på kornet:

Listhaug sjølv har naturligvis ingen problem med dette. Sjølv er ho såpass vidsynt at ho har snakka med Erling Lae fleire gonger. Listhaug er sjølvsagt berre bekymra for alle dei andre, for vanlige folk, grasrota, som får sjå bilde av halvnakne dansarar i Oslo-gatene og tenker sitt. Naken-homo-i-gatene-problematikken har blitt diskutert ofte denne veka, gjerne med Erling Lae, sidan han er både byrådsleiar, homofil og deltakar i paraden. Påkledd og ikkje-dansande deltakar, vel å merke. Og i eit av dei mange radioinnslaga eg har høyrt om emnet, blei det sagt at dette ikkje hadde vore noko problem viss alle i paraden berre oppførte seg som Erling Lae. Nei, det hadde nok ikkje vore noko problem. Men det hadde kanskje ikkje vore rare feststemninga heller, om nokre hundre små menn i dress spaserte rolig gjennom Oslos gater ein junidag og snakka lågt om toleranse.

No comments:

Post a Comment

Pageviews Last 30 Days

Followers